9. des. 2014
TIL MALALA YOUSAFZAI
Malala -
for oss er namnet ditt
lik ein song -
ein song om rettferd
i verdsmørker.
Du tenner ei ung von
kvar gong motet
vert lyft fram
i dine seiemåtar.
Viktige ord
for verda
sjølv om mange vil
ta frå deg bodskapen
og ber deg teie.
Korleis kan ei ung jente
ha så mange verdsvener
og verdsfiendar på ein gong?
Korleis kan ei ung jente
makte å bere slike store tankar
midt i skotlina mellom uvisse
og framtidsvon?
Nokre er sterkare enn andre.
Malala, du er sterk.
Din fridomsveg er sterk.
Han vert bygd av mot og draumar.
Oddmund Haugen
TIL KAILASH SATYARTHI
Kailash –
eg visste ikkje om deg
frå før -
men brått kasta tv-skjermen
ljos over dei gode gjerningane dine.
Ljoset talar på vegne av
alle dei veike, forkomne barna
i slaveri og undertrykking.
Dei som er utan røyster
når rettferd skal delast ut.
Dei som ikkje fremjar krav,
berre tek imot ordrar.
Dei som treng andre
til
å protestere og demonstrere
for
seg.
Eg visste ikkje om deg frå før Kailash,
men no tykkjer eg du er
ein nær kjenning blant oss.
Ikkje gje opp, seier du.
Ditt
ansvar. Vårt ansvar.
Året
er 2014 og
framleis ropar millionar av barn
fortvilinga si utover verda…
Oddmund
Haugen
0 Kommentarer:
Legg inn en kommentar
Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]
<< Startsiden