30. apr. 2018

Påskemorgon notar



PÅSKEMORGON

Tunge var stega som gjekk imot grava.
Vemodet stort fordi Jesus var død.       
Brått kom ei undring som gjorde dei glade.
Herren greip inn i den djupaste nød.  
Maria og kvinnene møtte den Frelsar 
som levande stod attmed eiga grav.    
Meisteren synte ein veg ut av mørkret.
Vi fekk ei framtid då livet han gav.    

Med jubel vart bodskapen boren til verda.   
I glede fekk bodskapen venger av von.        
For døden laut vike der underet skjedde.      
Og livet vann siger ved Kristus, Guds Son. 

Lette er stega som går ifrå grava.             
Menneskja* høyrer at død vert til liv!        
Oppstoda fyller oss alle med glede.           
Herren grip inn sjølv om mismodet sviv.     
No er det sanning i orda vi høyrer:                
Påskedagsmorgon er Jesu grav tom!                   
Han syner menneska veg gjennom livet.   
Bodskapen vermer når han seier: Kom.    

Med jubel vert lovsongen boren til verda.
I glede får bodskapen venger av von.       
For døden lyt vike der oppstoda sigrar.    
Og livet er evig i Kristus, Guds Son.          

Tekst: Oddmund Haugen   ( frå diktsamlinga Lengtande landskap )
Melodi: Tormod Øvrum
*menneskja = menneskeheten

3. jun. 2017

OM Å HA TID

Har du tid
til eit møte
spurde eg
ein gamal kjenning.
Ja, vi kan møtast
i overimorgon
mellom klokka 15.03 og 15.08
svara den gamle kjenningen
og hasta vidare.

29. jan. 2017

NÅR MIN VÅR VAKNAR

Når min vår vaknar                                    
tilber han ljoset og vona.
Han gøymer seg i
dei drypande vassdropane
frå taket.
Han smeltar snøflekkane
som eingong fekk frosten inni seg.

Når min vår vaknar
målar han lysegrøne landskap
med livslyst.
Han openberrar seg gjennom
dansande vengeslag frå fivrelda
og lettføtte linerler
på leiting etter vårteikn.

Når min vår vaknar
lyttar bjørka med sine museøyro
og mauren byrjar våronna.
Hestehoven ser det som skjer
og smiler gule smil
midt i steinrøysa.

Når min vår vaknar
treng eg berre sjå framover -
nok til å fange augneblinka
frå ein ljosare morgondag.

11. des. 2016

SPIRER AV LJOS

Nokre jolehelsingar skriv eg
med tårer i augnekroken.
Desse helsingane går til dei
som vart aleine
i året som ligg attom.
Ingen kan bere tapet for andre,
men ein kan gje kvarandre
tankar, ord og gjerningar
med spirer av ljos.


4. des. 2016



NO LYDER EIN SONG


Ei fredshelsing strøymer til heimleg jord
og stryk våre sinn med så kjærlege ord.
Det året som gjekk gav oss glede og sut -
men jola ber vona til menneska ut.


Ref. No lyder ein song
frå yttarste verda
til innarste grend.
Det kimar i klokker.
Ein bodskap vert send.


Høyr lyden av song med dei milde ord.
Sjå strålar av ljos som gjev høgtid på jord.
Dei klokker som kimar frå sør og til nord -
ber bod om Guds kjærleik til liten og stor.


Ref. No lyder ein song…



Ha takk Far i Him`len som gav oss von.
Ha takk for di omsorg. Du sende din Son.
Ei fredshelsing tonar til heile vår jord.
og stryk våre sinn med så kjærlege ord.


Ref. No lyder ein song…





20. nov. 2016






VINTERSALME

Når morgonen møter den mørkaste vinter, 
og songen om vona ligg djupast i sinn.
Når natta er over og vakninga blenkjer,
då sender Vårherre si ljosstrime inn.

Enno ein gong er det vinter.
Enno ein gong er det kvitt.
Enno ein gong skal Guds høge Himmel
få lyse med glede mot andletet mitt.

Sjå Skaparen formar usynlege stigar,
men kulde og snø ligg i landskapet mitt.
Den lengting som skapest i kaldaste vinter,
ber bodskap om ljoset og lyser så vidt.

Når kvelden har kome med innarste draumar,
og synet mitt møter ei stjerneklar bru.
Då lyftest min tanke mot ukjende strender.
Då trur eg så trygt med mi barnlege tru.