20. nov. 2016






VINTERSALME

Når morgonen møter den mørkaste vinter, 
og songen om vona ligg djupast i sinn.
Når natta er over og vakninga blenkjer,
då sender Vårherre si ljosstrime inn.

Enno ein gong er det vinter.
Enno ein gong er det kvitt.
Enno ein gong skal Guds høge Himmel
få lyse med glede mot andletet mitt.

Sjå Skaparen formar usynlege stigar,
men kulde og snø ligg i landskapet mitt.
Den lengting som skapest i kaldaste vinter,
ber bodskap om ljoset og lyser så vidt.

Når kvelden har kome med innarste draumar,
og synet mitt møter ei stjerneklar bru.
Då lyftest min tanke mot ukjende strender.
Då trur eg så trygt med mi barnlege tru.





5. nov. 2016

VISST FINST DET EIN HIMMEL

Visst finst det ein himmel
med berre godleik og lukke.
Visst finst det ein Skapar
som syner samanhengar
mellom fødsel og død og evig liv.
Visst finst det ein himmel
med Guds eiga tidslinje
for kvar enkelt.
Visst finst det ein himmel
sjølv om vi berre
forstår stykkevis og delt.
«Sæle er dei som ikkje ser
og endå trur», seier den oppstandne Jesus.