29. jan. 2017

NÅR MIN VÅR VAKNAR

Når min vår vaknar                                    
tilber han ljoset og vona.
Han gøymer seg i
dei drypande vassdropane
frå taket.
Han smeltar snøflekkane
som eingong fekk frosten inni seg.

Når min vår vaknar
målar han lysegrøne landskap
med livslyst.
Han openberrar seg gjennom
dansande vengeslag frå fivrelda
og lettføtte linerler
på leiting etter vårteikn.

Når min vår vaknar
lyttar bjørka med sine museøyro
og mauren byrjar våronna.
Hestehoven ser det som skjer
og smiler gule smil
midt i steinrøysa.

Når min vår vaknar
treng eg berre sjå framover -
nok til å fange augneblinka
frå ein ljosare morgondag.