4. sep. 2011


Den gode venskapen

Den gode venskapen
syner fram alle roma
der ein bur –
både finstova og roteromet.

Den gode venskapen
er bygget som ein gong vart til,
men som aldri vert ferdig.

Den gode venskapen
opnar dører
når du treng kome inn
i eitt av roma.
På innsida ventar ein ven
som er glad i deg.

(Frå diktsamlinga Å vere attende /
Oddmund Haugen / Vivilja / 2011)