31. des. 2014

NYTTÅRSNATTA

Sekundane tikkar seg fram til tolv –
nyttårsnatta.
Livets film vert spela opp att
i nokre korte augneblink
med samvetet som regissør.



NYÅR

Ingenting er som
varme vindar ved nyår.
Kjem liksom heilt uventa
frå einkvan staden i høgda.
Gledeleg å sjå snøtunge tre
bli løyste frå fangenskapet.



ÅRRINGAR

Årringar –
ringar av år
skrivne i tre
vitne om gode
og mindre gode tider
vitne om kva treet
tok imot av næring…
Menneska har òg
sine ringar – 
merkte med oppleving
på godt og vondt.
Ringar som fortel
kvar næringa kom frå.

( frå diktsamlinga Gras og ugras / Oddmund Haugen )




9. des. 2014

TIL MALALA YOUSAFZAI

Malala -
for oss er namnet ditt
lik ein song -
ein song om rettferd
i verdsmørker.
Du tenner ei ung von
kvar gong motet
vert lyft  fram
i dine seiemåtar.
Viktige ord  for verda
sjølv om mange vil 
ta frå deg bodskapen
og ber deg teie.
Korleis kan ei ung jente
ha så mange verdsvener
og verdsfiendar på ein gong?
Korleis kan ei ung jente
makte å bere slike store tankar
midt i skotlina mellom uvisse
og framtidsvon?
Nokre er sterkare enn andre.
Malala, du er sterk.
Din fridomsveg er sterk.
Han vert bygd av mot og draumar.

Oddmund Haugen

TIL KAILASH SATYARTHI

Kailash –
eg visste ikkje om deg
frå før -
men brått kasta tv-skjermen
ljos over dei gode gjerningane dine.
Ljoset talar på vegne av
alle dei veike, forkomne barna
i slaveri og undertrykking.
Dei som er utan røyster
når rettferd skal delast ut.
Dei som ikkje fremjar krav,
berre tek imot ordrar.
Dei som treng andre
til å protestere og demonstrere
for seg.
Eg visste ikkje om deg frå før Kailash,
men no tykkjer eg du er
ein nær kjenning blant oss.
Ikkje gje opp, seier du.
Ditt ansvar. Vårt ansvar.
Året er 2014 og
framleis ropar millionar av barn
fortvilinga si utover verda… 


Oddmund Haugen