22. aug. 2016

STUNDENE SAMAN

Stundene saman
med ho som gav meg
liv og tid.
Å vere på vitjing
hos ei gamal mor
som ikkje lenger
ser at timane flyg.
Høyre dei same orda
kvar gong eg tek
på meg ytterjakka:
Må du alt reise?  



KVISKREORD

Ikkje alle ord
skal seiast høgt,
nokre ord skal berre kviskrast
inn i øyret ditt.
Slike kviskreord
må ei stelle vel med.
Dei er henta
frå djupet av kjenslene.