26. nov. 2011

LIK EI BRU

Lik ei bru er hausten -
kvilande mellom det som var
og det som skal kome.

Ingen kan gå over haustbrua
utan å tenkje tankar
om mørker og ljos.

(Frå diktsamlinga Lengtande landskap /
Oddmund Haugen / Sambåndet / 1996)


MØTESTADANE

Berre ei lita solstrime
mot regnvåt jord.
Berre ei lita helsing
frå vassdropane i graset.
Der smil og tårer møtest
fins dei inste møtestadane våre.

(Frå diktsamlinga Lengtande landskap /
Oddmund Haugen / Sambåndet / 1996)