14. juni 2011

Å vere attende

Eg har sett endelause
asfalterte vegar
i framande land.
Eg har sett store
hagar med tre
som har fått
kunstig føde.
Eg har sett fossefall så store
at tanken stoggar.
Eg har møtt mange menneske
som trudde ulikt meg.

Likevel, eg har visst det
heile tida:
Eg måtte attende.
Til desse steinute stigane
som gav meg skrubbsår
då eg var liten.
Til den heimlege hagen
med dei usprøyta aplane
som gav meg
så mang ein munnfull.
Til denne vesle bekken
eg lærde å kjenne lyden av.


Å vere attende -
i fotspora til det
som fostra meg.
Det er der
eg høyrer heime.
Det er det
som er viktig
for meg no.

(Å vere attende /Oddmund Haugen /Vivilja.no /2011)