11. okt. 2020

Stor glede

 

STOR GLEDE

 

Midt i koronasendinga på tv

ringar Live på fire år til farfar

og seier:

Farfar, i dag har eg

sykla utan støttehjul!

Farfar veit ikkje kva framtida

vil bringe,

men han veit om ei stor glede-

utan støttehjul.

 

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden