5. nov. 2016

VISST FINST DET EIN HIMMEL

Visst finst det ein himmel
med berre godleik og lukke.
Visst finst det ein Skapar
som syner samanhengar
mellom fødsel og død og evig liv.
Visst finst det ein himmel
med Guds eiga tidslinje
for kvar enkelt.
Visst finst det ein himmel
sjølv om vi berre
forstår stykkevis og delt.
«Sæle er dei som ikkje ser
og endå trur», seier den oppstandne Jesus.





1 Kommentarer:

Klokken 21. november 2016 kl. 10:51 , Anonymous Sigrid AS sa ...

Visst finns det! Og godt å få tru utan å forvente at eg med min forstand skal fatte og forstå den evige Gud og hans tankar og planar.

 

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden