4. des. 2016
Ei fredshelsing
strøymer til heimleg jord
og stryk våre sinn
med så kjærlege ord.
Det året som gjekk
gav oss glede og sut -
men jola ber vona
til menneska ut.
Ref. No lyder ein
song
frå yttarste verda
til innarste grend.
Det kimar i klokker.
Ein bodskap vert send.
Høyr lyden av song
med dei milde ord.
Sjå strålar av ljos
som gjev høgtid på jord.
Dei klokker som
kimar frå sør og til nord -
ber bod om Guds
kjærleik til liten og stor.
Ref. No lyder ein
song…
Ha takk Far i Him`len som gav oss von.
Ha takk for di
omsorg. Du sende din Son.
Ei fredshelsing
tonar til heile vår jord.
og stryk våre sinn
med så kjærlege ord.
Ref. No lyder ein
song…
0 Kommentarer:
Legg inn en kommentar
Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]
<< Startsiden