23. juli 2011

Årringar

Årringar –
ringar av år
skrivne i tre
vitne om gode
og mindre gode tider
vitne om kva treet
tok imot av næring…
Menneska har òg
sine ringar –  
merkte med oppleving
på godt og vondt.
Ringar som fortel
kvar næringa kom frå.

(Frå diktsamlinga Gras og Ugras /
Oddmund Haugen / Ansgar forlag 1979)

Korleis det heile byrja

NENSET KAPELL I 1974 ( I DAG NENSET KIRKE )

Diktet om ”Doggdropen” blei skrive ned 25.juli 1974, fire år etter at eg hadde mista min einaste bror i kreft. Tor Aage var berre 17 år då han døydde. Ein aktiv, glad og sprek tenåring. Det gjekk så utruleg fort det heile. Tomromet vart så stort etter han. Det vart så mykje smerte, sorg og sakn. Ikkje berre for meg, men for heile familien.
Eg var sivilarbeidar i Nenset kyrkjelyd då diktet om ”Doggdropen” vart skrive. Det var tidleg om morgonen. Eg skulle ein tur bort til Nenset kapell. For å kome raskt bort til kapellet, tok eg snarvegen over kyrkjegarden. Det var ein kjølig, men ein ljos og klar sommarmorgon. Doggen låg tett på tett i graset.
Då eg hadde gått over kyrkjegarden, og nærmast tilfeldig såg meg tilbake, fekk eg auge på mine eigne fotspor i det doggvåte graset. Det var nesten som eg hadde trakka i nysnø. Men denne morgonen var det annleis. Sola skein mot gravstadane og på alle dei små doggdropane i graset. Dei likna små perler. Om eit par tre timar ville dei vere borte, alle saman. Slik vart "Doggdropen" til.

DOGGDROPEN

Eg er berre doggdropen liten og veik
som skjelvande ligg på eit blad.
Eg lever ’kje lenger enn morgonen ut
så driv eg frå land og fer av.

Du skapte meg Herre og ga meg eit kall
til arbeid i vingarden din.
Sjå doggdropen blenkjer når ljoset slepp inn
– i guddommens prydnad han skin.

Eg lever i nåde og tryggleik hos deg
frå dagning til kveldsola sig.
Dei strålar du sender er varme for meg
til hjelp på den mørke stig.

Eg veit eg må falle til jorda ein gong
når bivrande vind tek meg bort.
Då reiser eg heim til det Himmelske land
– og takkar for alt du har gjort.

Tekst: Oddmund Haugen
(frå diktsamlinga ”Doggdropen” 1975)
Melodi: Gunstein Draugedalen



I 2006 vart det laga ein minnelund på Nenset kyrkjegard i Skien. Det var her eg fekk teksten til "Doggdropen".

16. juli 2011

Elvesteinen

Lik stein i elv er du.
Over deg flyt straumar forbi –
straumar som formar liv og tid.

Menneske du er –
rundt deg er mange som ropar: Kom!
Straumar som slipar og skaper om.

(Frå diktsamlinga Elvesteinen / Oddmund Haugen/
Ansgar forlag 1976)

11. juli 2011

Blåklokker

Stille på jorda.
Fred på jorda.
Berre mjuk innbyding
frå blåklokker i bøn:
Kom, ver med på høgmessa
der ingen seier noko.

(Frå diktsamlinga Doggdropen /
Oddmund Haugen /Ansgar forlag 1975)

3. juli 2011

Omsorgsbustad

Då styresmaktene
hadde bygd omsorgsbustaden,
var det ikkje att pengar
til omsorg i bustaden.

(Frå diktsamlinga Gule vengeslag i februar /
Oddmund Haugen /Sambåndet 2005)