10. des. 2011

JOLEHELSING

Eg skreiv 

god jol og godt nytt år

til ein gamal kjenning.

Skreiv så fint eg kunne.

Alt eg fekk tilbake

var ein CV

på to tettskrivne sider

i Microsoft Word.

Ikkje visste eg

at han,kona,borna og bikkja hans

hadde vore så dyktige

i året som låg attom…

(Frå diktsamlinga Å vere attende /
Oddmund Haugen / Vivilja / 2011)