2. aug. 2015

DET NYE DIKTET

Ein gong skal det nye diktet skrivast.
Dette diktet kjenner ikkje
sekundar, minuttar og timar.
Dette diktet strekkjer seg
frå denne verda
og inn i æva.



DEI VIKTIGASTE SAMTALENE

Det er ikkje alltid
dei viktigaste samtalene
vert haldne i kyrkja.
Nokre gonger oppstår det
heilage samtalerom
midt i supermarknaden…


LJOSET

Tak ikkje farvel med ljoset
sjølv om det haustar.
Ber dei små ljosglimta inni deg
og vit at desse er vitnesbyrd
om at ein ny vår er i emning.