11. okt. 2020

Tjønnblomane

 

TJØNNBLOMANE

Står attmed vatnet

og ser tjønnblomane

lyse mot meg.

Med sine venlege, opne andlet

kviskrar dei fram

gode kjensler.

Slike kjensler

liknar orda dine.

Stor glede

 

STOR GLEDE

 

Midt i koronasendinga på tv

ringar Live på fire år til farfar

og seier:

Farfar, i dag har eg

sykla utan støttehjul!

Farfar veit ikkje kva framtida

vil bringe,

men han veit om ei stor glede-

utan støttehjul.

 

Påsketårer 2020

 

PÅSKETÅRER 2020

I dag såg eg regndropane

feste seg til barnålene

på treet i vårhagen -

ikkje som dropar,

men som påsketårer.

Slike tårer talar om

både fortviling og håp.